top of page

DAMEKORET Cissters

Hausten 2024 starta Vestre Slidre kulturskule opp damekoret Cissters, og det har blitt en suksess! Medlemmar beskriv måndagsøvingane som «vekas høgdepunkt» og latteren sit  laust på øvingane! Damene tar gjerne imot fleire songglade damer!

 

Cissters er eit kor for relativt unge songglade damer frå heile Valdres, der vi dristar oss til å sette både øvre og nedre aldersgrense: 18-48 år. Dette er koret for deg som ynskjer å synge populærmusikk saman med andre i eit relativt ungt fellesskap. Repertoaret vil spegle aldersgruppa.

 

Koret har moglegheit til å være med kulturskulen sine konserter, men også arrangere konsertar åleine. Undervisninga følgjer ikkje nødvendigvis skuleåret, slik som annan undervisning i kulturskulen. Her tilpassar vi korøvingane med hensyn til eventuelle konsertar og helgeøvingar. 

​

Koret blir leia av Marit Warberg Vestheim.

​

Alder 18-48 år.

Damekor-AdobeStock_724067302.jpeg
bottom of page