VESTRE SLIDRE KULTURSKULE
Tilbod for ein kvar smak
Vi har eit breitt spekter av aktivitetar og vonar at alle kan finne ein aktivitet dei likar. Nedanfor finn du ei oversikt over aktivitetane sorterte i ulike kategoriar.
​
Dei fleste tilboda er for både born og vaksne, men born blir prioriterte om det er vanskeleg å få plass til alle.​​​​​
Aktivitetar ein kan søkje på
Klikk på tilboda for å lese meir.
Om undervisninga
Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen. Men nokre gonger kan det i enkelte fag vere hensiktsmessig å starte ei veke seinare i august eller avslutte ei veke tidlegare i juni.
​
Undervisninga består i timar og konsertar, framsyningar, samspel, utstillingar og andre tiltak vi finn tenlege for elevanes utvikling.
​
Timane kan variere frå 45 - 90 minutt på gruppeundervisning. Ein-til-ein-timar på instrument er normal 22,5 minutt. På instrument kan ein søkje om "utvida tid". Då får ein 10 minutt ekstra.