VESTRE SLIDRE KULTURSKULE
LANGELEIK
Langeleiken er eit folkemusikkinstrument som har djupe røter i Valdres. Undervisninga er gehørbasert, så du lærer ved å sjå, høyre og herme etter læraren. I undervisninga vil du også lære speleteknikk og om instrumentet og musikken som tradisjonsberar. Låttane ein lærer er stort sett unike for langeleiken, men der det er mogleg, vil vi òg knytte instrumentet til nyare musikk.
​
​Undervisninga er mest ein til ein, men kan vere par eller grupper dersom det passar. Av og til kan det vera samspel med fleire. ​
​
Ein gong i månaden kan du vere med på FolkemusikkUng og spele saman med andre langeleikspelarar i Valdres. FolkemusikkUng er eit samlingspunkt for alle elevane i Valdres som held på med tradisjonsmusikk eller -dans. Det går føre seg på museet på Fagernes.
Alder: Frå 6 år
